Årsrekneskap

Er verksemda rekneskapspliktig må du levere skattemelding til Skatteetaten, og i tillegg sende inn årsrekneskap og eventuell årsmelding til Rekneskapsregisteret.


Årsrekneskapen for rekneskapspliktige verksemder er offentleg informasjon. Formålet med dette er å formidle relevant informasjon om den samla økonomiske utviklinga og finansielle stillinga til verksemda på ein slik måte at brukaren av informasjonen kan fatte gode avgjerder. Ein som vurderer å søkje jobb hos dykk vil kunne ha nytte av å sjå årsrekneskapen. Eit anna eksempel kan vere ein som vurderer å investere i verksemda.

Brønnøysundregistrene om relneskapsplikt

Årsrekneskapen skal utarbeidast etter reglane i rekneskapslova med forskrifter og god rekneskapsskikk. Det er utarbeidd eigne forenkla reglar for god rekneskapsskikk i små føretak. Desse finn du i Norsk Regnskapsstiftelse - NRS 8 God rekneskapsskikk for små foretak.

Regnskapsstiftelsen om god regnskapsskikk for små foretak (NRS 8)

Ein komplett årsrekneskap skal innehalde følgjande: 

  • Resultatrekneskap
  • Balanse
  • Notar
  • Kontantstrømoppstilling (gjeld ikkje små føretak)
  • Revisjonsmelding (dersom revisjonspliktig)

Avgrensa rekneskapsplikt

Nokre verksemder har avgrensa rekneskapsplikt. Kjem du inn under desse reglane kan du utarbeide ein årsrekneskap basert på den avlagde skatterapporteringa kombinert med tilpassa noteopplysningar. Dette gjeld for rekneskapspliktige enkeltpersonføretak og ansvarlege selskap der ingen av deltakarane er juridiske personar (verksemder) med avgrensa ansvar. I tillegg må dei kome inn under reglane for små føretak i rekneskapslova.

Regnskapsloven om utarbeidelse av årsregnskap etter regel om begrenset regnskapsplikt

Norsk Regnskapsstiftelse - NRS 21 om begrenset regnskapsplikt


Notar

I notane skal du gje tilleggsinformasjon til årsrekneskapen slik at leseren av rekneskapen får utdjupande informasjon om verksemda. Kapittel 7 i rekneskapslova regulerer kva for opplysningar notane minst må innehalde.

Regnskapsloven om noter

Årsmelding

I tillegg til årsrekneskapen skal verksemder som ikkje er å rekne for små etter rekneskapslova, sende inn ei årsmelding. Årsmeldinga er ei utgreiing frå styret og dagleg leiar som blant anna viser utviklinga i verksemda og føresetnader for framleis drift.

Språk

Årsrekneskapen og årsmeldinga skal i utgangspunktet vere på norsk. Skattekontoret kan etter søknad gje dispensasjon til å nytte eit anna språk enn norsk.

Regnskapsloven om språk

Skatteetaten - dispensasjon fra enkelte bestemmelser i regnskapsloven

Underskrift

For rekneskapspliktige som har styre, skal alle styremedlemane skrive under årsrekneskapen og årsmeldinga. Har verksemda dagleg leiar, skal også denne skrive under. Har den rekneskapspliktige korkje styre eller dagleg leiar, skal deltakarane eller medlemane skrive under.

Regnskapsloven om undertegning av årsregnskapet

Innsending

Innsending av årsrekneskapen og eventuell årsmelding skal gjerast elektronisk i Altinn. Plikta til å utarbeide og sende inn årsrekneskap og årsmelding gjeld sjølv om det ikkje er drift i verksemda. Denne plikta gjeld også for verksemder som er under avvikling, heilt til dei er endelig sletta.

For nye verksemder kan det første rekneskapsåret vere på inntil 18 månader. Det vil seie at verksemder som er stifta 1. juli eller seinare, kan velje om dei vil utarbeide årsrekneskap for dette året, eller slå det saman med neste år. Det er ikkje nødvendig å varsle Rekneskapsregisteret om dette.

Brønnøysundregistrene om innsending av årsregnskap

Brønnøysundregistrene om innsending av årsregnskap første gong

Frist

Årsrekneskapen og eventuell årsmelding skal godkjennast av generalforsamlinga seinest 6 månader etter slutten på rekneskapsåret. Dette skal sendast til Rekneskapsregisteret innan ein måned etter at det er fastsett av generalforsamlinga eller tilsvarande organ.

For å unngå forseinkingsgebyr må innsendinga av komplett årsrekneskap gjerast seinast 31. juli. 

I 2020 er fristen utsett med to månader. For å unngå forseinkingsgebyr er siste frist 30. september. Utsett frist gjeld ikkje for børsnoterte føretak eller føretak under tilsyn av Finanstilsynet.

Midlertidig lov om utsettelse av fristene for å fastsette årsregnskap mv. og avholde ordinær generalforsamling mv. for å avhjelpe konsekvenser av utbrudd av covid-19

Finanstilsynsloven - foretak under tilsyn av Finanstilsynet

For verksemder med avslutningsdato i perioden 01.01.-30.06., er tilsvarande frist seinast 31. januar påfølgjande år. Det er ikkje mogleg å få lengre frist.

Det er styret som har plikt til å sørgje for at rekneskapen blir levert innan fristen. Har ikkje verksemda eit styre, vil deltakarane eller medlemane og dagleg leiar vere ansvarlege.

Offentleg

Årsrekneskapen, årsmeldinga og revisjonsmeldinga er offentlege.

Etter rekneskapslova kan kven som helst møte opp på kontoret ditt og be om å få sjå årsrekneskapen, eventuell årsmelding og revisjonsmelding, altså dei same dokumenta som vert gjorde tilgjengelege frå Brønnøysundregistra. Dokumentasjonen (vedlegga) som er brukt til utarbeiding av rekneskapen er likevel ikkje offentleg.

Du kan også tinge årsrekneskapen til den aktuelle verksemda direkte frå Brønnøysundregistera. Dette er nok den vanlegaste måten å få tilgang til årsrekneskapen på.

Årsrekneskap for konsern

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema