Kontaktskjemaet blir brukt av privatpersonar som ønskjer å sende inn førespurnader til Skatteetaten.

Start teneste

Tiltak for å avgrense spreiing av koronaviruset

Skattekontora er råka av koronasituasjonen. Hugs at du må bestille tid på førehand.

Det vil mellombels kun vere mogleg å bestille tid til ID-kontroll dersom du skal søkje om skattekort, melde flytting til Noreg eller bekrefte farskap. Fleire av våre rettleiarar jobbar framleis frå heimekontor. Det er mange som ringer, så det kan vere litt ventetid på telefon

Du finn mykje informasjon på skatteetaten.no, eller du kan spørje oss på chat eller Facebook.

Om denne tenesta

Skal sendast inn ved behov 

Innsending som privatperson: Ingen avgrensingar.

Merk at dersom førespurnaden gjeld tilhøve knytt til næringsverksemd (bedrift/organisasjon), bør ei anna utgåve av skjemaet nyttast:

Kontaktskjema – Skatteetaten (næringsdrivande)

Dette vil sikre at førespurnaden og påfølgjande mottakskvittering også blir synleg for Altinn-brukarar med delegerte rettar for den bedrifta/organisasjonen som ved innsending står som avgivar av skjemaet. 

Kontaktskjemaet blir brukt dersom du ønskjer å ta skriftleg kontakt med Skatteetaten. Du får svaret via Altinn, og blir varsla på SMS og/eller e-post når det er sendt ut.

Dersom du ikkje er e-brukar, kan du i einskilde tilfelle få svaret som brevpost.

Dette skjemaet er definert med private rettar, dvs. at det ikkje er andre enn du sjølv som vil kunne sjå den innsendte førespurnaden, mottakskvitteringa og svaret i Altinn. 

Treng du hjelp?

Skatteetaten si faglege brukarstøtte svarar på spørsmål knytta til utfylling av skjema. Telefon 800 80 000

Kontaktinformasjon

Åpne kontaktskjema